No kan du søkja om midlar

Av
DEL

Om lag 45 millionar kroner av Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot blir i år gitt som gåver, og fram til og med 1. september kan ein søkja Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane om midlar til samfunnsnyttige tiltak.- Me er stolte over å kunne vera synlege lokalt, og det at kundane ser igjen kundeforholdet i konkrete og relevante tiltak for dei, er viktig for oss. Så eg oppfordrar lag og organisasjonar som ønskjer midlar, om å søkja, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.Kvart år går delar av overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane tilbake som gåver til samfunnsnyttige føremål. Gåvene vert gitt av eigarstiftingane, Sparebankstiftinga Fjaler og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og frå banken sjølv.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken