Betaler ut kundeutbyte

Av
DEL

Sparebanken Vest varslar at det no for første gong blir betalt ut kundeutbyte.Kundeutbytet blir henta frå overskotet til banken i 2019, og utbetalt våren 2020, skriv Sparebanken Vest i ei pressemelding. I dei åtte kommunane i Indre Sogn vil kring 3.800 personar få nærare 6,6 millionar kroner i samla utbyte.Sparebanken Vest estimerer eit samla kundeutbyte på 330 millionar til våren. Endeleg beløp vert fastsett basert på banken sitt heilårsresultat for 2019.No blir fleire vestlendingar også inviterte inn på eigarsida i banken. Privatpersonar blir inviterte til å teikna eigenkapitalsbevis når 2,4 mrd. kroner av grunnfondskapitalen i banken skal gjerast om til børsnoterte eigenkapitalbevis.Les også: Deler overskotet i banken med kundane

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken