Skatteoppgjeret er rett rundt hjørnet

TID FOR SKATT: - Ynskjer du å unngå restskatt eller å bli trekt for mykje i framtida er det viktig at du justerer opplysningane dine ved å endra skattekortet, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal. (Arkivfoto)

TID FOR SKATT: - Ynskjer du å unngå restskatt eller å bli trekt for mykje i framtida er det viktig at du justerer opplysningane dine ved å endra skattekortet, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal. (Arkivfoto)

Av

Skatteoppgjeret for 88.558 i Sogn og Fjordane er no klart. Skattelistene blir tilgjengelege 5. november.

DEL

9.100 lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande i Sogn og Fjordane fekk tilbakebetalt skatt på til saman 902 millionar kroner i skatteoppgjeret i år, opplyser Skatteetaten i ei pressemelding.14.637 betalte restskatt på til saman 348 millionar kroner. For dei som fekk skatt til gode var snittbeløpet 13.062 kroner, mens snittbeløpet for dei som fekk restskatt var 23.840 kroner.

- Sjekk skattekortet

Skatteoppgjeret for heile landet viser at lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande til saman har betalt 514 milliardar kroner i skatt og avgift på inntekt og formue. 332.000 selskap har betalt til saman 85 milliardar kroner i skatt. Dette er unnateke skatteinntekter frå oljeverksemda.- Dei fleste får enten pengar til gode eller restskatt. Årsaka er at dei økonomiske forholda dine blei annleis enn det skattetrekket blei berekna til i starten av inntektsåret. Ynskjer du å unngå restskatt eller å bli trekt for mykje i framtida er det viktig at du justerer opplysningane dine ved å endra skattekortet, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal i pressemeldinga.

Endring på nett

Endrar du skattekortet får arbeidsgivar automatisk beskjed og hentar nytt skattekort.- Skjer det større eller mindre endringar i økonomien din, bør du endra skattekortet slik at skattetrekket blir riktig. Det er enkelt å endra opplysningar om du har behov for det, seier Gjengedal .Skulle du oppdaga feil i skatteoppgjeret, kan du i dei fleste tilfelle framleis endra det sjølv slik at Skatteetaten kan retta opp opplysningane, berekna skatten på ny og sende deg eit nytt skatteoppgjer.Skattelistene for inntektsåret 2018 er tilgjengeleg for søk på skatteetaten.no frå morgonen tysdag 5. november. Søk omfattar nettotal for personar og selskap. Det blir loggført kven som har søkt på deg i skattelistene.

Loggfører søk

Sidan oktober i fjor har det vore 1,6 millionar søk i skattelistene på skatteetaten.no, fordelt på 482.000 unike innloggingar.Det er omtrent likt med året før.Til samanlikning var det i året før loggføring av søk blei innført, 16,5 millionar søk fordelt på nær 927.000 unike innloggingar. 239.000 har vore inne og sjekka kven som har søkt på dei, noko som er på nivå med året før.

Artikkeltags