Låg arbeidsløyse gir bedrifter problem med å skaffa kvalifisert arbeidskraft

Av

I oktober var arbeidsløysa i Vestland til saman på 2,0 prosent av arbeidsstyrken.

DEL

Det er ein nedgang på om lag 1.190 personar i høve til oktober i fjor.Den sesongjusterte arbeidsløysa gjekk ned med 198 personar i oktober, samanlikna med september, opplyser NAV Vestland i ei pressemelding.I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,1 prosent av arbeidsstyrken. Nedgangen, på nær 1.200 personar i høve til i fjor, er størst i landet. Sogn og Fjordane har framleis lågast arbeidsløyse i landet med 1,2 prosent. Direktør for NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes seier at den stadig lågare arbeidsløysa gjer at fleire verksemder får problem med å skaffa relevant arbeidskraft.- Bygg og anlegg og IKT er eksempel på bransjar med aukande rekrutteringsproblem. Til dømes bygningsingeniørar, elektrikarar, systemanalytikarar og programmerar kan vera ei stor utfordring å rekruttera, seier Bogsnes.

Treng inkluderingsdugnad

Det er svært få ledige i desse yrkesgruppene og mange ledige stillingar, men Bogsnes ser også moglegheiter.- Regjeringa sin inkluderingsdugnad blir stadig viktigare. Dei som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet er ein arbeidskraftreserve som me kan aktivera gjennom samarbeid med næringslivet. Dette er ein vinn-vinn-situasjon og mange verksemder kan tena på å tenkja nytt når det gjeld rekruttering, seier Bogsnes.Det er flest ledige innan butikk- og salsarbeid, serviceyrke og anna arbeid, og reiseliv og transport, medan det er færrast ledige innan akademiske yrke, og jordbruk, skogbruk og fiske.Arbeidsløysa i heile Norge samla, er 2,1 prosent i oktober.

Artikkeltags