Ni skular i Vestland deltok i noregsmeisterskap i klima. I to veker konkurrerte vidaregåande skular over heile landet i å redusera eigne CO₂-utslepp i kvardagen, skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.
Målet var å skapa medvit om at handling skapar endring.
Klimakonkurransen var delt inn i to klassar, ein for små og ein for store skular. Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland imponerte og mobiliserte og leia konkurransen for små skular heilt til det var att ti minuttar. Då sneik Skansen vidaregåande steinerskule i Trondheim seg forbi og kapra førsteplassen.
I den nasjonale konkurransen for store skular kom Firda vidaregåande skule på fjerdeplass og Eid vidaregåande skule på femteplass.
Konkurransen vara frå 21. januar til 4. februar, og desse skulane deltok: Eid, Hafstad, Mo og Øyrane, Dale, Sogndal, Høyanger, Stryn, Sogn jord- og hagebruksskule.