– Det er kjekt å vera tilbake i politikken! Eg gler meg til å vera med å gjera Sogndal Ap klar til kommunevalet i 23 saman med engasjerte og dyktige partivener, skriv Odd på Facebooksida si.

På nettsida til Sogndal Ap står det at Odd vart valt med akklamasjon på årsmøtet.

Han overtek leiarklubba frå Liv Synnøve Bøyum. Odd er busett på Leikanger. Han jobbar no som seksjonssjef i Digitaliseringsdirektoratet (DigDir).

I takketalen til årsmøtet påpeika Jon Håkon at han no har vore leiar for to arbeidarpartilag, både Leikanger, og no Sogndal.

– Eg ser fram til ei utruleg spanande tid for partiet, med programarbeid og ikkje minst kommunevalkamp, seier Odd.

Resten av styret i Sogndal Ap ser slik ut:

Nestleiar: Siv Laila Eriksen, styremedlemer: Monica Solheimsnes, Ole André Aarvoll, Ronny Rydningen, Aina Thomassen og Harald Offerdal.