Odd (101) har gått verda rundt

102 000 har sett videoen av 101 år gamle Odd Borlaug som landa ein laks på 15,8 kg.

Publisert 01.09.2018 kl. 20.00.

- Det er heilt sprøtt. Det er fleire enn det er plass til på Camp Nou, heimebana til FC Barcelona, seier Audun Holen.


Han har filma klippet som har gått viralt.


Var budd

30. juli fekk 101 år gamle Odd Borlaug ein laks på 15,8 kilo og 116 centimeter i Vikja.


Det er ikkje berre flaks at dette vart foreviga på film. Audun Holen har fiska saman med Odd Borlaug i mange år.


- Sonen min var 10 år då Odd var 100, og er 11 i år når Odd er 101. Me tre har fiska mykje saman.


- I fjor fekk ikkje Odd fisk, så eg skjønte at det måtte skje noko snart, og var obs. Men at det enda som det gjorde er spinn hakka gale, seier Holen som sjølvsagt ikkje hadde mobilen langt borte.


- Eg har teke mykje film oppgjennom og har alltid mobilen klar.


Dei som har sett videoen ser at heile prosessen med å få fangsten på land ikkje er med. Forklaringa på det er enkel.


- Det er fordi eg måtte ta over stanga til Odd og hala fisken i land før eg kunne filma att, fortel Holen.


- Ein sensasjon

Frå storfangsten var komen på land tok det ikkje lang til før Morten Jacobsen, leiar i Vik Jakt og Fiskelag, som også var tilstades tok kontakt med Sogn Avis.


- Det er naturleg å dela slikt med lokalavisa. Dette er ein lokal sensasjon som har spreidd seg nasjonalt, seier Audun Holen.


VG, NRK og fleire andre nasjonale medium har også skrive om 101-åringen.


- Det var ingen tvil om at det var lokalavisa som var naturleg å kontakta først, seier Holen, og legg til:


- Det er kjekt at det blir skrive noko positivt om Vik i avisa også. Det er det ikkje for mykje av.


Rekord

Sogn Avis publiserte videoen på nettavisa og delte den på Facebook. No har over 100.000 sett han. Videoen er også delt 459 gongar.


- Det er utruleg kjekt at Audun ville dela denne fantastiske historia med oss. Det er slik me helst vil ha det - at folk tenkjer på oss når dei opplever noko som dei vil dela med andre, seier Jan Inge Fardal, redaktør i Sogn Avis.


- Denne historia er eineståande og er både sett og delt av fleire enn noko anna i Sogn Avis si historie.


Sjå video øvst i saka


Les meir om: Foto/Video Nyhende Video Vik