Vestlandsforsking lanserer ein nasjonal studie for å undersøkja om prosjektet «Jenter og teknologi» i regi av NHO bidreg til å rekruttera fleire jenter. Det kjem fram i ei pressemelding.

Det er framleis færre jenter enn gutar som vel tekniske yrkesfag, realfag, ingeniør- og teknologifag. Dette gjeld både i den vidaregåande skulen og i høgare utdanning.

I fleire år har NHO, gjennom rekrutteringsprosjektet «Jenter og teknologi», samarbeidd med høgskular og universitet om eigne inspirasjonsdagar for jenter på vidaregåande skular. Dei har òg besøkt 9. og 10. klasse på landets ungdomsskular med turné der jentene møter kvinnelege rollemodellar frå teknologifag og -yrke.

Ved å gje jenter meir kunnskap om desse fagområda, utdanningsvegar og yrkesmoglegheiter, har målet vore å få fleire av dei til å velja realfag og teknologifag på vidaregåande, på fagskular og på høgskular og universitet.

Fungerer det?

Vestlandsforsking har nyleg fått i oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) å evaluera «Jenter og teknologi». Forskarane lanserer difor i desse dagar ei landsomfattande undersøking retta mot jenter på ungdomsskular, vidaregåande skular, tekniske fagskular, høgskular og universitet.

I tillegg vil forskarane kontakta lærarar og rådgjevarar frå ungdomsskular og vidaregåande skular, foreldre og andre som har vore med på arrangement.

Vann konkurransen om oppdraget

Vestlandsforsking vann evalueringsoppdraget i konkurranse med ei rekkje andre forskingsmiljø.

Forskarteamet som skal stå for studien har solid, tverrfagleg kompetanse.

– Me er svært nøgde med å få høve til å gjennomføra denne undersøkinga, seier prosjektleiar Hilde G. Corneliussen, som har forska på rekruttering av jenter og kvinner til teknologifag i over 20 år.

Kjønn og teknologi har dei siste åra vore eit viktig forskingstema ved instituttet, og mykje av forskinga har handla om korleis IT-bransjen og teknologifaga kan oppnå ein jamnare kjønnsbalanse.

For tida deltek Vestlandsforsking i eit nordisk sentersamarbeid om temaet.

Vil påverka framtidige tiltak

Vestlandsforsking kjem til å presentera funna sine i ein rapport våren 2021, og Bufdir skal bruka kunnskapen frå evalueringa til å tilpassa framtidige tiltak for å auka rekruttering av jenter til teknologifag.