NVE har sendt ut eit nytt varsel om stor snøskredfare (faregrad 4) for laurdag 20.februar for regionane Voss, Hardanger, Indre Sogn og Indre Fjordane.

Også for torsdag 18. februar var det sendt varsel om faregrad 4 i desse områda. Etter at snøforholda stabiliserte seg litt fredag, så meldast det igjen om omfattande ustabile forhold og stor snøskredfare til laurdag 20. februar.

Varsom.no melder at det er venta naturleg utløyste skred, og oppmodar til å halda avstand frå utløysings- og utløpsområde for snøskred.

Yr.no melder også om moderat fare for jordskred og flaum på Vestlandet laurdag. Det er venta 40-50 millimeter nedbør, som regn under cirka 1200 moh. Relativt høge temperaturar og mykje vind fører også til stor snøsmelting.