– Dette prøveresultatet stadfestar diverre at villreinbestanden på Hardangervidda er smitta av skrantesjuke. Det er for tidleg å seia noko om kor mange dyr som er smitta totalt. No skal det gjerast nye berekningar og Mattilsynet avventar disse, seier Inge Erlend Næsset, avdelingsdirektør for regelverk og kontroll i Mattilsynet, i ei pressemelding utsendt torsdag kveld.
Det var ei simle felt under jakta tidlegare i haust som viste seg å vera smitta av klassisk skrantesjuke, dette er stadfesta etter prøver analysert ved Veterinærinstituttet. Det første tilfellet av sjukdommen på Hardangervidda vart funne i september i 2020. Klassisk skrantesjuke er same type sjukdom som ein hadde på villrein i Nordfjella sone 1, der heile villreinbestanden på over 2000 dyr vart skoten ut i 2017–2018.
Klassisk skrantesjuke blir rekna som smittsam i motsetnad til atypisk skrantesjuke, som er funne på nokre einskilde elgar og hjortar i ulike deler av landet dei siste åra. Det er altså den frykta smittsame varianten som no er funnen på Hardangervidda for andre gong.
Mattilsynet og Miljødirektoratet vurderer no om det nye funnet endrar dei anbefalingane dei allereie jobbar med, går det fram av pressemeldinga. Etter planen skal Mattilsynet og Miljødirektoratet levera si anbefaling om vegen vidare i handteringa av skrantesjuke på Hardangervidda til departementa den 1. november.
– Me vil også ha tett dialog med lokale partar i prosessen vidare, seier Næsset.