– No har Noregs Mållag det høgste medlemstalet på 32 år, seier leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

– Dette gjev oss styrke i kampen for nynorsken og dei norske dialektane, seier Hauge.

Tilbake i 2010 var mållaget nede 10.068 medlemer. I åra etter har organisasjonen auka medlemstalet i fleire byks og tidlegare i år sette styret seg eit ambisiøst mål om 14.000 medlemer i 2020. No er dette målet nådd.

– Neste år kjem regjeringa med framlegg til ny opplæringslov. Mållaget treng høge medlemstal i ryggen når me skal kjempa for viktige gjennomslag for nynorsken, seier Hauge i pressemeldinga.