Nytt korona-tilfelle i Sogn

Høyanger kommune har registrert første smittetilfelle av koronavirus.

DEL

– Like før klokka 15.30 måndag fekk Høyanger kommune v/kommuneoverlege melding om at ein tilsett i Høyanger kommune har testa positivt på COVID-19, skriv kommunen i ei pressemelding måndag ettermiddag.

– Høyanger kommune vil setja i verk tiltak i tråd med nasjonale og faglege retningslinjer med omsyn til den råka personen, samt omgjevnadane. Kommunen si kriseleiing følgjer situasjonen tett, og vil ha nytt møte tysdag klokka 09.00.

Artikkeltags