Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2019 går til Kjersti Mjør i Bergens Tidende. Juryen skriv i si grunngjeving mellom anna at Mjør har ei særeigen journalistisk stemme som har sett sterkt preg på Bergens Tidende gjennom mange år. Sakene hennar er prega av stor varme for menneske, nysgjerrigheit og humor.Språket til Kjersti Mjør er klart og presist. Ho kan få fram dramatikk og kjensler utan store ord og utbroderingar. Setningane er ofte korthogde med litterære kvalitetar. Når du les ei langsak av Mjør, kan det kjennest som å lese ein liten roman.- Eit særleg kjennemerke ved Mjørs journalistikk er at ho går djupt inn i historiene sine og stiller viktige spørsmål. Der andre journalistar stoppar når aktualiteten har gitt seg, har ho fleire gonger gått vidare og utforska historia bak historia. Ho har ei særleg evne til å skildre folka og deira liv og lagnader.Desse sit i juryen: Solveig Barstad, leiar, Inger Johanne Sæterbakk og Øystein A. Vangsnes.