Årets sommar blei varmare enn normalt

BADELIV: I sommar nytta mange varme dagar til bading. Fotoet er frå Balestrand. (Arkivfoto)

BADELIV: I sommar nytta mange varme dagar til bading. Fotoet er frå Balestrand. (Arkivfoto)

Av

Enkelte stader var det 2-2,5 grader over normalen.

DEL

Meteorologisk institutt melder at gjennomsnittstemperaturen for heile landet i sommar enda 1,2 grader over normalen. Varmast var det på Vestlandet og i Trøndelag, der enkelte stasjonar hadde avvik på 2-2,5 grader over normalen.

Varmast i Oslo

Fleire stasjonar i Troms og Finnmark hadde snittemperaturar frå 0,5 til 1,5 gader under normalen.Nedbøren for heile landet var 110 prosent av normalen. Dei varmaste målestasjonane var Oslo- Bygdøy med 17.1 grader, Drammen-Bergskog og Tofte-Rulleto med 17 grader og Sarpsborg med 16,9 grader. Dei kaldaste stasjonane finn ein i Kåfjord i Troms med 4,9 grader, Juvasshøe i Lom hadde 5 grader og Kistefjellet i Lenvik og Sjufjellet i Balsfjord hadde 6,3 grader. Dei tre våtaste stasjonane var Basura i Etne med 1.063 millimeter nedbør, Gullfjellet i Bergen med 1.024 millimeter og Hundseid i Vikedal med 930 millimeter.

Tørrast i Nord-Noreg

Dei tørraste målestasjonane var Sirbma i Tana med 54 millimeter, Lønsdal stasjon i Saltdal med 60 millimeter og Lesja-Svanborg med 94 millimeter. Høgaste døgnnedbør var 110 millimeter og blei målt på Basura i Etne 31. august.

Artikkeltags