Her er det nye fellesrådet

NYTT RÅD: Dette er nye Sogndal kyrkjelege fellesråd. Frå venstre: Jon Erling Oppedal, Jorunn Merete Haukås-Eide, Helge Ulvestad, May Kristel Bødal, Frode Bøthun, Per Hilleren, Magne Ahlin, Vegard Bondevik Lie. Berit C. Orheim var ikkje til stades då biletet vart teke. (Pressefoto)

Av

Nye Sogndal kyrkjelege fellesråd var samla til konstituering 10. desember.

DEL

Samanslåinga av Leikanger, Balestrand og Sogndal kommunar frå 1. januar 2020 får også fylgjer for organiseringa av kyrkja, då det skal vera eitt fellesråd for kvar kommune.Under konstitueringa vart Per Hilleren frå Sogndal vald til leiar, og Helge Ulvestad frå Balestrand vart vald til nestleiar.Dei andre i fellesrådet er: Berit C. Orheim frå Fjærland, Jon Erling Oppedal frå Leikanger, Magne Ahlin frå Norum og May Kristel Bødal frå Kaupanger.Sokneprest for Leikanger og Norum sokn, Vegard Bondevik Lie er geistleg representant og Frode Bøthun er kommunal representant.Kyrkjeverje Jorunn Merete Haukås-Eide er sekretær for rådet.

Artikkeltags