Voss har fått fleire koronasmitta den siste tida og Voss herad opplyser i ei pressemelding at det framleis er stor aktivitet på testsenteret. Voss herad vidarefører alle tiltak utover nasjonale råd og retningsliner, som vart innført fredag til å gjelda til og med måndag 23. november.

Desse tiltaka er:

• Heimekontor skal nyttast når dette er mogleg. Arbeidsgjevar er ansvarleg for å vurdera om det er mogleg å utføra arbeidet ved heimekontor

• Bruk munnbind på reise, butikk og andre stader der det ikkje er mogleg å halda ein meter avstand til andre

• Alle sjukeheimar vert stengde for besøk

Tysdag ettermiddag opplyser Voss kommune at det er ytterlegare to smitta, det vil seia at det er fire nye tilfelle denne dagen.

Det eine smittetilfellet var alt i karantene, og har ingen nærkontaktar. Voss herad jobbar med smittesporing på dei andre.