Gå til sidens hovedinnhold

Nye fagskuleplassar til Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane og Viken får tilsaman 150 nye fagskuleplassar, opplyser Kunnskapsdepartementet.

Gjennom satsinga på Industrifagskulen får Fagskulen Sogn og Fjordane 4,55 millionar kroner til 16 ulike modular på mellom 5 og 15 studiepoeng.

Dette svarar til 60 fulltids studieplassar som skal fordelast på inntil 480 studentar.

Industrifagskulen er eit samarbeid mellom Norsk Industri, Fellesforbundet og Industri Energi der fagarbeidarar kan få gratis kompetansepåfyll. I tett samarbeid med fagskular skal det utviklast korte og fleksible utdanningstilbod som kan kombinerast med jobb og familieliv.

Kommentarer til denne saken