Her er ei oversikt over arbeidsaktiviteten frå Statens vegvesen:

Riksveg 13 Vikafjellet: Storehaugtunnelen

Manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Måndag frå 08.00 til 17.30 og frå 21.00 til 07.00 (neste dag). Tysdag og onsdag frå klokka 07.00 til 17.30 og frå 21.00 til 07.00 (neste dag). Torsdag frå 07.00 til 19.00 og frå 21.00 til 07.00 (neste dag). Ventetid om lag 30 minutt, vent på ledebil.

Riksveg 13: Hella- Leikanger

Kan bli stengd i periodar på inntil 15 minutt på grunn av vegarbeid i periodane: Måndag til onsdag frå klokka 07.00 til 18.00. Torsdag frå 07.00 til 15.00.

Riksveg 13: Bondeviki mellom Sogndal og Leikanger

Ventetid på inntil 15 minutt på grunn av sprengingsarbeid i periodane: Måndag til onsdag frå klokka 07.00 til 19.00. Torsdag frå 07.00 til 16.00. Maks breidde 3,5m. Lysregulering heile døgnet.

Riksveg 5: Hagalandet mellom Sogndal og Kaupanger

Kan bli stengd i periodar på inntil 30 minutt på grunn av vegarbeid i periodane: Måndag til fredag frå klokka 08.00 til 19.00 og frå 21.00 til 06:00 (neste dag). Laurdag frå 08.00 til 19.00.

Riksveg 5: Kjørnes mellom Sogndal og Kaupanger

Måndag blir det manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid frå klokka 09.00 til 21.00

Riksveg 5 Fjærlandstunnelen: mellom Jølster og Sogndal

Manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Måndag til fredag frå 08.00 til 18.00. Vent på ledebil.

Riksveg 5: Hauge i Lærdal

Ventetid på inntil 30 minutt på grunn av asfaltarbeid i periodane: Måndag til laurdag frå 08.00 til 19.00. Utrykkingskøyretøy og rutegåande trafikk kan passera. Klokka. 19.00-08:00 lysregulering, kvar dag.

Fylkesveg 55: Årøytunnelen – Gullringtunnelen, på strekningen Sogndal – Skjolden.

Kan bli stengd i periodar på inntil 20 minutt på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Måndag til onsdag frå klokka 20.00 til 06.00 (neste dag). Arbeid i ein tunnel av gongen.

Fylkesveg 55: Mellom Fortun og Turtagrø

Stengd på grunn av vegarbeid i periodane: Måndag til torsdag frå klokka 07.40 til 17.00. Utrykkingskøyretøy kan passera. Opningstider frå Turtagrø (aust) klokka13:40-14:40. Opningstider frå Fortun (vest) klokka 14.00-15:00. Fri ferdsel frå Turtagrø kl. 16.40 og frå Fortun kl. 17.00

Ev 16 Lærdal: Seltatunnelen – Borgundstunnelen

Stengd på grunn av vegarbeid i periodane: Alle dagar frå 20.00 til 06.00 (neste dag). Manuell dirigering via Fv 630. Gjeld frå klokka 20.00 til 06:00 fram til 1. januar 2022. Maks høgde 4.4 meter, breidde 3 meter. MOT VEST: 20.15, 21.00, 21.40, 22.20, 23.00, 23.40, 00.20, 01.00, 01.40, 02.20, 03.00, 03.40, 04.20, 05.00. MOT AUST: 20.40, 21.20, 22.00, 22.40, 23.20, 00.00, 00.40, 01.20, 02.00, 02.40, 03.20, 04.00 04.40, 05.20.

E16 Aurland: Fretheimstunnelen – Onstadtunnelen

Nedsett fart til 50 km/t og manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Måndag til torsdag frå klokka 20.00 til 06.00 (neste dag).

Fylkesveg 5627: Aurlandsvangen-Kvammadal

Måndag. Stengt på grunn av vegarbeid mellom klokka 10.00 og 20.00

Vinterstengde fjellovergangar

Fylkesveg 55 over Sognefjellet er vinterstengd.

Det same er den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet mellom Aurland og Lærdal.