I dag er han administrerande direktør hos ein av dei største møbelprodusentane i Skandinavia, Fora Form.
No skal han leia Wattn med over 50 tilsette fordelt på åtte lokasjonar, skriv Wattn i ei pressemelding.
– Eg er utruleg glad for moglegheita eg har fått til å leia Wattn. Det er ein bransje som verkeleg har opplevd store endringar dei siste åra. For folk flest er det blitt veldig viktig å ha eit bevisst straumforbruk, både for miljøet og for lommeboka. Volatile prisar, framtidsutsikter om knappe kraftressursar og sterk konkurranse gjer at dette er ein bransje der moglegheitene står i kø – det synest eg erspennande, seier Haram.
Erik Espeset, styreleiar i Wattn, meiner Haram tek med seg relevant erfaring og gode leiareigenskapar som gjer at styret er sikre på at han er den rette til å styrkja Wattn sin posisjon og leia selskapet til vidare vekst.
Straumselskapet Wattn er skapt og eigd av TAFJORD, Sogn og Fjordane Energi, Tussa og Sognekraft. Wattn har 50 tilsette fordelt på kontor i Ålesund, Sandane, Førde, Florø, Ørsta, Stryn, Vik i Sogn og Kvinnherad.