– Sjølv om vurderingane i år stadfestar at vurderingane i dei fleste områda er stabile over tid, er det urovekkjande at påverknadsgrada aukar i område som tidlegare har hatt låg påverknad. Dette viser at det er viktig for oppdrettarane å halde fram det målretta arbeidet med å ha kontroll på lakselus, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i ein pressemelding.

Dei to områda der det er vurdert å vere høg risiko for lusepåverknad i år, vart fargelagt raude i juni.

Rapportane i år inneheld data frå 2022, som er eit mellomår. Dette betyr at regjeringa ikkje vil gjere forandringar i produksjonsvolum i år. Det skal gjerast ei ny vurdering hausten 2023. Basert på vurderingane frå desse to åra vil Nærings- og fiskeridepartementet fargeleggje kysten på nytt, og avgjere kva produksjonsområde som kan få vekst og kva område som må redusere produksjonskapasiteten sin.

Produksjonsområde 6 (Nordmøre og Sør-Trøndelag) og produksjonsområde 8 (Helgeland til Bodø) har i år vorte vurdert til moderat påverknad etter fleire år med låg påverknadsgrad. I seks produksjonsområde er risikoen for lusepåverknad vurdert som låg.

(©NPK)