Gå til sidens hovedinnhold

Ny positiv prøve hjå Helse Førde

Torsdag blei det analysert 299 koronatestar hjå Helse Førde sitt laboratorium. Ein av desse var positiv og prøven kom frå Stryn.

Helse Førde opplyser at kommunen for prøvetaking ikkje nødvendigvis er kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Prøver teke i området til Helse Førde kan verta analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Dagen før var det analysert 345 prøver der ingen var positive.

Kommentarer til denne saken