Gå til sidens hovedinnhold

Ny person smitta i Årdal

Fredag vart det registrert nytt smittetilfelle i Årdal kommune.

Den smitta personen har vore på reise i utlandet, og var allereie i reisekarantene. Vedkommande er no sett i isolasjon. Smitteveg er kjent og smittesporing pågår, skriv Årdal kommune i ei pressemelding.

– Per no ser me ikkje fare for smittespreiing til lokalsamfunnet og situasjonen er førebels under kontroll, skriv dei.

Kommentarer til denne saken