Ny modell for finansiering av kulturen

De Heibergske samlinger Sogn Folkemuseum.

De Heibergske samlinger Sogn Folkemuseum. Foto:

Vestland fylkeskommune ynskjer å ta over det stalege ansvaret for kulturinstitusjonar i Vestland.

DEL

Det vedtok fylkestinget på møtet onsdag då dei slutta seg til forslaget om overføring av kulturinstitusjonar i Vestland fylke, slik som utgangspunktet er frå Kulturdeparementet.

Framoverlente

– Me er framoverlente og meiner at overføring av institusjonar innan kulturfeltet til fylkeskommunen er ei demokratireform for fylket og kulturlivet. Det flyttar makta nærare kulturinstitusjonane. Me i Vestland fylke kjenner kulturinstitusjonane betre i Vestland enn det Stortinget og ein statsråd i Oslo gjer, seier Stian Davies, leiar av hovudutval for kultur, idrett og integrering i ei nyhendemelding frå fylkeskommunen.

Tre kategoriar

Denne overføringa inneber at staten i utgangspunktet ikkje lenger har eineansvar for finansiering av kulturinstitusjonar.

Ansvaret blir no delt i tre kategoriar: Statleg majoritetsansvar, regionalt majoritetsansvar og regionalt ansvar.

Finansiering

Tre institusjonar skal få statleg majoritetsansvar i Vestland fylke.

Det inneber at Den Nationale Scene og Bergen Filharmoniske Orkester skal frå 2021 bli 90 prosent finansiert av staten og 10 prosent av fylkeskommunen. Finansieringa av Carte Blanche skal halde fram som no med 70 prosent frå staten, 15 prosent frå fylkeskommunen og 15 prosent frå Bergen kommune.

Delt finansiering for Musea i Sogn og Fjordane

11 kulturinstitusjonar skal få delt finansiering mellom stat og fylke, med majoritetsfinansiering frå fylkeskommunen. Dette omfattar det nasjonale nettverket av musikk- og scenekunstinstitusjonar, samt musea i det nasjonale museumsnettverket.

Dette gjeld Baroniet Rosendal, Bergen sjøfartsmuseum, Bymuseet i Bergen, Hardanger og Voss museum, KODE, Musea i Sogn og Fjordane, Museum Vest, Museumssenteret i Hordaland, Kraftmuseet, Sunnhordland Museum og BIT Teatergarasjen.

Regionalt ansvar

Ni institusjonar med sterk lokal og regional forankring blir overført frå staten til fylkeskommunen. Dette gjeld Fargespill Bergen, Det Vestnorske Teateret (tidl. Hordaland teater), Litteraturhuset i Bergen, Opera Nordfjord, Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane teater), Statsraad Lehmkuhl, Vestlandske teatersenter, Bergen Nasjonale Opera og Edvard Grieg kor.

Likebehandling

Finansieringa innan dans, film og det visuelle kunstfeltet er ikkje avklara. Kulturdepartementet skal kome attende med forslag om korleis det skal bli.

Etter forslag frå MDG, vedtok fylkestinget at det skal vera likebehandling av samanliknbare kulturinstitusjonane i landet og at dei får lik finansieringsmodell.

Overføringa av budsjettmidlar og ansvar for kulturinstitusjonar til fylkeskommunane skal skje frå 1. januar 2021.

Artikkeltags