Gå til sidens hovedinnhold

Ny kontrakt ut 2022-sesongen

Sogndal Fotball og Anders Johannessen Nord er samde om ein ny avtale som strekkjer seg ut sesongen 2022.

Det melder Sogndal Fotball måndag.

– Me er veldig nøgde med den utviklinga Anders hadde i fjor, og det er difor riktig at me tok ein justering på innhald og lengde på kontakt, seier Håvard Flo til nettstaden.

Sogndølen har spelt 34 kampar og stått bak sju scoringar for Sogndal 2 og 16 kampar for A-laget.

Han var også ein viktig brikke på G19-laget som vann NM og skandinavisk og som var nære ved å gå vidare til tredje runde i UEFA Youth League.

– Det bur noko veldig spennande i Anders! Når han er i aksjon kan han vera ein x-faktor. Dette har han vist ved fleire høve, seinast då han kom inn under opprykksfinalen mot Mjøndalen, seier Flo, som håpar Nord vil fortsetja den spennande og fine utviklinga si framover.

Kommentarer til denne saken