Kaupanger vann fredag ettermiddag 3-0 over Fløya på heimebane.

Ny jubeldag for Kaupanger: Sjå høgdepunkta

Kaupanger vann 3-0 i sin andre kamp på rad og har dermed teke sju av ni moglege poeng etter sommarferien.

Publisert 17.08.2018 kl. 18.34. Oppdatert kl. 19.35.

- Me er i ein fin flyt om dagen, seier Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde.


Onsdag tok J19-laget seg vidare til kvartfinale i NM-cupen. Fredag ettermiddag valsa Kaupanger-damene over Fløya. Sogningane står no med to strake 3-0 sigrar i 1. divisjon. 


- Det viktigaste er at me er solide og vinn fotballkampar. Det skal vera vanskeleg å slå oss og det ser du i dag. Det er ein tøff kamp og me er ute å køyrer i periodar, men me hentar oss inn og vinn til slutt fortent, seier Rinde.


Rosar spelarane sine

Kaupanger opna friskt heime mot Fløya og tok leiinga etter berre 13 minutt ved Silje Torvanger.


Spissen fekk styrt ballen i mål etter ein fint førearbeid av Vårin Ness og Andrea Henjesand. Kaupanger skapte fleire store sjansar utover i omgangen, men fekk ikkje utteljing.


Etter kvilen startar gjestene best før dei grønkledde kvikna til att.


Etter 68 minutt dobla Åshild Hereid Haugen leiinga til 2-0 då ho stussa ballen i mål etter litt klabb og babb i feltet, og eit kvarter før full punkterte Ingrid Lovise Jåstad kampen då ho steig til vers og heada inn 3-0-scoringa. 


- Me måtte gjera eit bytte i pausen, mellom anna måtte me ta ut Ylinn Tennebø på grunn av sjukdom og me mista rytmen i spelet vårt i starten av 2. omgang, men me henta oss meisterleg inn att i kampen, seier Rinde, som rosar alle spelarane for innsatsen i dag.


- Fleire hadde 100 minutt pluss ein straffekonk i beina frå onsdagens cupkamp. Det gjorde at me måtte spara ein del spelarar i dag. Samstundes var det mange på bana som har mange minuttar med fotball i beina den siste tida. Så det er ein del ting som gjer at denne sigeren er enormt sterk, seier han.


Hadde det tungt på slutten

I dei bakre rekkjer rydda mellom anna Åshild Hereid Haugen og kompani unna i stor stil.


- Det vart ein slitekamp, og for min eigen del mangla eg energi i dag. Eg vurderte å bytta meg sjølv ut og hadde det veldig tungt på slutten, seier Hereid Haugen.


Men ho stod i det og krona det heile med scoring, hennar andre scoring for sesongen.


- Det er alltid kjekt å scora. Silje (Torvanger) heada ballen mot mål etter ein corner - så fekk eg stussa den vidare, så det var godt å sjå den i nettet, seier forsvarskjempa.