Ny gruppeleiar i Sogndal Høgre

Publisert 13.03.2018 kl. 09.14. Oppdatert kl. 09.15.

Einar Vatlestad er vald til ny gruppeleiar i Sogndal Høgre. Han tek over etter Karin Vikane, som har bede seg friteken frå vervet grunna stor arbeidsmeng i andre politiske verv.


- Eg ynskjer å bruka tida mi framover på å byggja opp og organisera «nye» Sogndal kommune gjennom verva i fellesnemnda, partssamansett utval, prosjektgruppefornying og utvikling av lokaldemokratiet. Samstundes sit eg i kommunestyret, formannskapet og administrasjonsutvalet i Sogndal. Skal alle desse verva med tilhøyrande arbeidsoppgåver skjøttast på ein god måte, ynskjer eg avlasting frå vervet som gruppeleiar i Sogndal, seier Vikane.


Einar Vatlestad er tidlegare styreleiar i Sogndal Høgre.


- Einar har lang politisk erfaring, og eg er trygg på at han vil gjera ein god jobb vidare, seier Karin Vikane.


Les meir om: Nyhende Notis Sogndal