ØRNEUTFORDRING: - Auken i drepne lam av kongeørn gjer at me også ber fylkesmennene gjera det lettare å få fellingsløyve på kongeørn som gjer skade, seier Aleksander Øren Heen. (Arkivfoto)

Ny forvaltningsplan for rovvilt: - Skal sikra beitedyra

Håpar på mange gode innspel i høyringsprosessen.

Publisert 12.05.2019 kl. 08.04.

Rovviltnemnda i region 1 (Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder) har no lagt ut ny forvaltningsplan for rovviltartane jerv, bjørn, ulv, gaupe og kongeørn ut på høyring. Høyringsfristen er sett til 20. juni.


Viktig verkemiddel

Den gamle planen er revidert og erstatta med ein ny.


- Me har revidert den gamle planen. Den planen me no legg fram meiner me ivaretek stortinget sitt mål om at regionen skal vera prioritert for beitedyr på ein god måte. Felling av rovvilt skal framleis vera det viktigaste verkemiddelet for å sikra beitedyra i regionen, seier Aleksander Heen (Sp), leiar i rovviltnemnda.


Kortfatta og konkret

Han seier den nye planen er meir kortfatta og konkret og gjev eit godt bilete av situasjonen i dag og utfordringane framover.

- Auken i drepne lam av kongeørn gjer at me og ber fylkesmennene gjere det lettare å få fellingsløyve på kongeørn som gjer skade. Dette heng og saman med den bestandsauken me har sett, seier Heen. Og legg til:

- Me håpar å få mange gode og konkrete innspel på korleis me best kan leggja til rette for at beitedyra skal ha det trygt i fjella i regionen slik Stortinget har fastsett.