39-åringen får det overordna ansvaret for kunstfeltet i Musea i Sogn og Fjordane. Han vil ha sin base på Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde, heiter det i ei pressemelding.
Leknes, som kjem frå Kvammen i Askvoll, har ein master i kunsthistorie og jobbar for tida ved Astrupsenteret til KODE i Bergen.
– Dette var ein moglegheit eg berre måtte gripa, seier Leknes.
Administrerande direktør Kjartan Aa Berge ved Musea i Sogn og Fjordane er godt nøgd med tilsettinga. Leknes tek til i stillinga 8. mars neste år.
Kommentarer til denne saken