Herdis Ulveseth er tilsett som ny direktør for NAV Økonomiteneste. Ho er 44 år og busett på Leikanger i Sogndal kommune. Ulveseth vaks opp på Sotra og tok utdanninga si ved Universitetet i Bergen,

Ho kjem frå stillinga som assisterande direktør i NAV Økonomiteneste der ho vart tilsett i 2012. Tidlegare har ho arbeidd i Norge.no og i Direktoratet for forvaltning og IKT, skriv Nav Økonomiteneste i ei pressemelding.

– Viktig samfunnsoppdrag

– Eg er stolt og takksam for tilbodet om å bli direktør for NAV Økonomiteneste. Me løyser eit særs viktig samfunnsoppdrag og skal mellom anna sikra at folk i Noreg får dei pengane dei har krav på til rett tid, og at me har kontroll på den store rekneskapen til NAV, seier Herdis Ulveseth.

NAV Økonomiteneste er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune. Verksemda vart oppretta i 2003 og omfattar 95 tilsette. NAV Økonomiteneste er ansvarleg for utbetaling av om lag 450 milliardar kroner til brukarar kvart år. I tillegg er eininga intern tenesteleverandør i NAV, med ansvar for løn, faktura og rekneskapsoppgåver for heile etaten.

Nøgde med søkjarlista

Det var femten søkjarar til direktørstillinga.

– Me var veldig nøgde med søkjarlista som syner at det er ein attraktiv stilling, seier Marianne Fålun, økonomi- og styringsdirektør i NAV. Ho er nøgd med at Herdis Ulveseth har takka ja til jobben.

– Ho har solid fagleg erfaring og har synt god forretningsforståing og høg digital kompetanse. Me får ein utviklingsretta og endringsorientert direktør som kan bidra til å modernisera og løfta NAV Økonomiteneste. Ho vil bidra til å møta dei viktige samfunnsutfordringane i tida som kjem på ein god måte.

Ulveseth har fungert i stillinga sidan nyttår, og ser fram til å no ha landa stillinga fast.

Gler seg

– Det vert stilt stadig høgare forventningar og strengare krav til offentleg forvaltning. Eg gler meg til å ta fatt på å modernisera og digitalisera viktige forvaltningsoppgåver i tida som kjem. Det skal eg gjera i lag med høgt kompetente og motiverte medarbeidarar som er klare for å møta framtidas utfordringar, seier Herdis Ulveseth, ny direktør for NAV Økonomiteneste.