Dei utfordrande forholda kjem av eit vedvarande svakt lag av kantkorn, skriv varsom.no på nettsidene sine torsdag. Utfordringa er at det er vanskeleg å vurdere kvar du kan utløyse skred.

NVE opplyser at det over heile landet har vorte rapportert om mange skredhendingar og fareteikn, som drønn og skytande sprekk i snødekket. Det gjeld òg utanfor dei ordinære varslingsregionane.

Når snødekket er «stille», med mindre fareteikn, er det fort gjort å bli lurt. «Det svake laget er også mogleg å fjernutløyse. Du kan stå i flatt terreng og løyse ut skred i bratt terreng rundt deg», skriv NVE.

– For å vere heilt trygg er det beste rådet eg kan gi, unngå terreng som er brattare enn 30 grader og hald god avstand til utløpsområde for skred. Det finst heldigvis mange fine turar som gir flotte skiopplevingar i mindre bratt terreng, seier snøskredvarslar i NVE Andreas Haslestad.

Med unntak av Voss (faregrad 3) og Lofoten og Vesterålen (faregrad 1) står alle stadar på Varsom oppført med faregrad 2 – moderat skredfare.