TO OFFISIELLE OPNINGAR: Loftesnesbrui og Fjordstien opnar same dag. (foto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen)

Nærmar seg offisiell opning av Loftesnesbrui og Fjordstien

Fredag 24. august blir det markert at to store vegprosjekt er ferdige.

Publisert 16.08.2018 kl. 14.55. Oppdatert kl. 17.06.

Då vert det offisiell opning av Loftesnesbrui. Opninga føregår på det nye friområdet på Loftesnes-sida av brua. 


Statens vegvesen opplyser i ei pressemelding at det etter 2,5 års byggjetid er klart for opning. 


Sjølve brua har vore i bruk sidan slutten av november, men 24. august blir det offisiell markering av at prosjektet er ferdig. 


Les også: Først over nyebrua

SYMBIOSE: Loftesnesbrui og Fjordstien tett ved kvarandre. (Foto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen)

Betrar trafikktryggleiken

Brua og rundkøyringa betrar trafikktryggleiken og gjerte at trafikken i eit viktig kryss i Sogndal glir lettare. Med ein brei gang- og sykkelveg blir dei mjuke trafikantane godt tekne vare på og dette var eit stort sakn på den gamle brua der ein berre hadde 70 centimeter breitt fortau å gå på, skriv vegvesenet i pressemeldinga. 


Utforminga av brua har allereie gjort seg bemerka utanfor Noreg. Brua er ein av fire finalistar i sin klasse under European Steel Bridge Awards, som skal delast ut i Praha i september.


Opning av fjordstien

Under opninga vert det intervju med sentrale personar, kulturelle innslag og avduking av skulpturar ved brua.


Regionvegsjef Helge Eidsnes orienterer om prosjektet og det blir helsing frå ordførar Jarle Aarvoll, fylkesordførar Jenny Følling og tale og snorklypping ved statssekretær Brage Baklien.


Etter opninga av Loftesnesbrui, går ein over brua og ned til fjorden der Sogndal kommune har offisiell opning av Fjordstien gjennom Sogndal sentrum, går det fram i pressemeldinga frå vegvesenet.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Sogndal