- Tapar pensjon på å jobba etter 67 år

Av
DEL

Pensjonsekspert og advokat i Parat, Andreas Moen, seier dagens regelverk for samordning av offentlig tjenestepensjon fører til at personar som vel å jobba etter fylte 67 år tapar 50.000 til 150.000 kroner kvart år og dermed store delar av tenestepensjonen sin.Moen seier at det i samband med pensjonsreforma i 2011 blei gjort endringar i regelverket for samordning av offentlig tenestepensjon og nøytral og fleksibel folketrygd. I tillegg vart det innført levealderjustering.- Det har ført til at aldersgruppene født frå 1943 til 1962 får lågare tenestepensjon, og mindre utbetalt pensjon over livsløpet, dess lenger dei arbeider etter 67 år. Dette er ein hårreisande konsekvens av pensjonsreforma som politikarane må retta opp umiddelbart, seier Parat-advokaten i ei pressemelding.

Artikkeltags