Frakta med ambulanse til sjekk etter trafikkulukke på riksveg 52

Av
DEL

Ein bil har køyrt i fjellveggen i Mørkedalen på riksveg 52 like over Borlaug. Ulukka skal ha skjedd rundt klokka 20.00 søndag.- Det er ei singelulukke og bilen var på veg mot Borgund. Hendelsforløpet er ukjent. Det er meldt om ein del materielle skader på køyretøyet, og ein person er opplyst å vera i sjokk. Det skal vera snø og glatt vegbane i området, opplyser politiet. Naudetatar er på veg til ulukkesstaden.Like før klokka 21.00 opplyser politiet at føraren er frakta med ambulanse for sjekk. Bilbergar er snart framme på staden for å henta bilen, og entreprenører på veg for å strø.

Artikkeltags