Bil gjekk rundt i Nordfjord

Av

Ein bil har køyrt av vegen og snurra rundt på Rv 615 ved Sandane.

DEL

Det melder Vest politidistrikt på Twitter.Trafikkuhellet skal ha skjedd like etter kl. 18 i kveld. Politiet melder at det er snakk om ei singelulukke, ingen andre skal ha vore involvert.Bilføraren var ein 18 år gamal mann, og det var ikkje passasjerar med i bilen som enda opp utanfor vegen.- Førar er påført kutt i ein arm, elles er inkje nemnt, melder politiet.Mannen blir sett til av ambulansepersonell.

Artikkeltags