Roleg feiring i Sogn

Av
DEL

Nyårsfeiringa ser ut til å ha gått relativt roleg føre seg, for politiet har ikkje mykje å rapportera om frå Sogn.Frå Lærdal kom det melding i 05-tida onsdag om at det framleis føregjekk oppskyting av fyrverkeri, i samband med ein fest på eit ungdomshus. Politiet rykte ikkje ut til dette.I Vik hadde det også vore fest i eit ungdomshus. Etter at det vart lukka og låst, fekk politiet melding om at det var nokon som hadde teke seg inn att i huset, men politiet fekk vita at meldarane ville sjekka dette ut sjølv først.

Artikkeltags