Arrestert etter valdshandling mot kvinne

Av
DEL

Natt til laurdag rykte politiet ut til ei privat bustadadresse i Florø etter at det kom meldingar om bråk. Det skriv avisa Firda.Ifølgje innsatsleiar Synnøve Domben dreia det seg om ei valdshending mot ei kvinne.- Me kom til staden og tok hand om mannen og kvinna, seier Domben.Dei to involverte skal ha eit familieforhold. Innsatsleiaren opplyser til Firda at kvinna blei teken hand om av helsepersonell på staden, og at ein mann i 40-åra blei arrestert og sit fengsla ved politistasjonen i Florø.- Me har ikkje avhøyrt nokon av dei enno og veit ikkje kva som har skjedd, seier Domben.

Artikkeltags