Varm og våt desember - nest mest nedbør kom i Gulen

PERLEMORSKYER: Perlemorskyer blei observert mange stadar i Noreg i desember. Her frå Kautokeino 29. desember. (Foto: Herdis Gaup Aamot)

PERLEMORSKYER: Perlemorskyer blei observert mange stadar i Noreg i desember. Her frå Kautokeino 29. desember. (Foto: Herdis Gaup Aamot)

Av

Desember 2019 blei blant dei ti våtaste desembermånedene me har registrert, og det var 3,4 grader over normalen på landsbasis. På Svalbard markerer me 109 månader på rad varmare enn normalen.

DEL

Det skriv Meteorologisk Institutt i ei pressemelding.

Mildt i heile landet

Månadstemperaturen for hele landet låg 3,4 grader over normalen.Månaden er blant dei 20 varmeste desembermånadene i ein serie som går tilbake til 1900. Relativt varmast var det i dei indre strøka av Finnmark og Austlandet med 5-6 grader over normalen. Nokre få stasjonar på Vestlandet, Austlandet, og i Nord-Norge hadde månadstemperaturar frå 1 til 2 grader over normalen. Dei varmaste stasjonene var:. Ytterøyane fyr (Flora, Sogn og Fjordane) 6,5 grader (2,8 grader over normalen). Røvær (Haugesund, Rogaland) 6,4 grader (ingen normal enno). Kvitsøy - Nordbø (Rogaland) og Utsira fyr (Rogaland) 6,3 grader (hhv 2,3 grader og 2,4 grader over normalen. Slåtterøy fyr (Bømlo, Hordaland) og Fedje (Hordaland) 6,2 grader (hhv 2,4 grader og 2,6 grader over normalen)Høgaste maksimumstemperatur, 14,3 grader, blei registrert 21. desember på Valldal - Muri (Møre og Romsdal), og i Tafjord (Norddal, Møre og Romsdal) og Sunndalsøra (Møre og Romsdal) 29. desember.

Blant dei ti våtaste

Månadsnedbøren var 140 prosent av normalen, og månaden er blant de 10 våtaste desember-månedene i serien som går tilbake til 1900. Fleire stasjoner i Finnmark fekk frå 250 til 350 prosent av den normale nedbøren. Einskilde stasjonar i Trøndelag, Møre og Romsdal og nord på Austlandet fekk 50-75 prosent av normalen.Dei våteste stasjonene var: . Gullfjellet (Bergen, Hordaland) 655,8 mm (ingen normal ennå). Takle (Gulen, Sogn og Fjordane) 562,2 mm (152 prosent av normalen). Øvstedal (Voss, Hordaland) 538,7 mm (162 prosent av normalen) Høgaste døgnnedbør var 155,2 mm, og blei målt på Samnanger II (Hordaland) 30. desember.

Artikkeltags