Ringjer nyekommunen inn

RINGJER: Frå klokketårnet i Stedje kyrkje vil ein, til liks med i Tjugum og Engelskkyrkja, ringja inn den nye storkommunen ved midnatt nyårsaftan. (Arkivfoto)

RINGJER: Frå klokketårnet i Stedje kyrkje vil ein, til liks med i Tjugum og Engelskkyrkja, ringja inn den nye storkommunen ved midnatt nyårsaftan. (Arkivfoto)

Av
DEL

Kyrkjene i Balestrand og Sogndal vil ringja inn den nye storkommunen i Midtre Sogn.«Gamleåret seig i hav» heiter det i den gamle Blix-salmen, og med det går dei tre gamle kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal inn i historia. «Men i aust det atter kveikna» heiter det vidare, og med det nye året kjem nye Sogndal kommune.Det vil Sogndal kyrkjelege fellesråd markera på sin måte ved å ringja med kyrkjeklokkene.- Tanken var at det skulle ringjast i alle dei tre hovudkyrkjene i den nye kommunen, men diverre har me ikkje fått nokon til å ta på seg å ringja i Leikanger, seier kyrkjeverje Jorunn Merete Haukås Eide.I alle høve vert det ved midnatt ringt frå dei to andre hovudkyrkjene, Stedje og Tjugum, i tillegg til St. Olafskyrkja (Engelskkyrkja) i Balestrand for å markera overgangen til ny kommune.

Artikkeltags