Kolonnekøyring og stengde vegar søndag kveld

Av
DEL

Statens vegvesen opplyser klokka 16.42 søndag at det er innført kolonnekøyring på rv52 Hemsedalsfjellet. Første kolonne går frå Bjøberg klokka 17 og det vil vera ei ventetid på rundt fire timar, opplyser vegtrafikksentralen på Twitter. Fjellet vil bli heilt stengt seinare grunna berging av vogntog. Fv 50 Hol-Aurland er søndag kveld stengt grunna uvêr. Det er også fv 53 Tyin- Årdal. Rv13 Vikafjellet er også stengt. Her blir det ny vurdering måndag klokka 10. Hald deg oppdatert på vegmeldingar frå Statens vegvesen.

Artikkeltags