Den normale kroppstemperaturen har gått ned

Av
DEL

Den normale kroppstemperaturen har gått ned med kring 0,6 grader celsius sidan den industrielle revolusjonen, konkluderer amerikanske forskarar ved Stanford University i eit arbeid som er offentleggjort i publikasjonen eLife.Standarden for kroppstemperatur, 37 grader celsius, vart sett i 1851. Grunnlaget for dette var millionar av målingar av folk teke i den tyske byen Leipzig, skriv NRK.Dei amerikanske forskarane har slått fast at endringa, både for menn og for kvinner, er på 0,03 grader celsius per tiår dei er født. Forskarane kjem ikkje med ein klår konklusjon på kvifor dette har skjedd. Dei drøftar at blant anna betre tannhelse, auka reinslegheit, mindre tuberkulose, færre tilfelle av syfilis og innføringa av antibiotika mest sannsynleg har ført til ein nedgang i kronisk betennelse. Forskarane meiner at betennelse kan ha påverka kva som vart forstått som den normale kroppstemperaturen tilbake i tid, då betennelse gjer at ein får ein høgare kroppstemperatur.

Artikkeltags