Må søkja før pengane vert oppbrukt

Av
DEL

Også i 2020 vert det høve til å søkje om tilskot frå Innovasjon Noreg til investeringar innan frukt, bær og grønt. Nytt er at alle søkjarar no må konkurrere om ein felles nasjonal pengepott til investeringar i grøntsektoren, skriv Fylkesmannen i Vestland.Dei ventar at det vert stor konkurranse om pengane, og vil difor oppmoda alle som går med investeringsplanar om å senda inn ein søknad snarast råd, før pengane vert oppbrukte.Søknadane vert framleis handsama hjå Innovasjon Noreg i Bergen og Sogndal, og det skal søkjast digitalt. Kommunen, Norsk landbruksrådgiving og andre kan hjelpa til med dette. Innovasjon Noreg kan gje støtte til lønsame tiltak, som til dømes nyplanting, arrondering, vatningsanlegg, dekkesystem, hjortegjerde og kjølelager.

Artikkeltags