«Domenehai» kravde over ein million for Vestland

Av

«Domenehaien» Terje Hatlem i Fjaler krev over ein million kroner for å gje frå seg domenet vestland.no.

DEL

Det skriv Nrk Sogn og Fjordane.- Me har ved fleire høve prøvd å få hand om domenet, men til slutt så valde me å trekkja oss, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal til NRK.Terje Hatlem, som eig domenet vestland.no, har også eigarskap i fleire hundre andre norske domene, gjennom ulike firma.Han avviser påstanden frå fylkesrådmannen om at dei skal ha kome med eit tilbod om å selja vestland.no.- Ikkje sidan hausten 2018, og frå vår side er det ikkje framsett noko tilbod overfor fylkeskommunen, skriv Hatlem i ein SMS til NRK.Han registrerte nettadressa vestland.no alt i 2015 og nye Vestland fylkeskommune enda opp med den noko meir kronglete adressa vlfk.no.

Artikkeltags