Frukt og bær aukar i Sogn og Fjordane

Av

Ein auke i arealet på 9 % i Sogn og Fjordane og 5,8 % på landsbasis, syner tala frå Landbruksdirektoratet.

DEL

Størst er auken på eple (ca 200 daa), morellar (ca 100 daa) og plomer (ca 50 daa). Ein ser positiv utvikling i meir enn halvparten av kommunane i fylket, og størst vekst i område med sterke produsentmiljø, melder Norsk Landbruksrådgiving Vest i ei pressemelding.Landbruksselskapet i Sogn og Fjordane har gjennom sitt mobiliseringsprosjekt for auka produksjon av frukt og bær bidrege til å rekruttera nye produsentar til næringa.Sogn og Fjordane er eit viktig distrikt for frukt og bær i nasjonal samanheng, og i 2019 har fylket 13 % av arealet og 22 % av produsentane for frukt og bær i landet.Nye Vestland fylke vil ha tett oppunder 30 % av arealet og 42 % av produsentane.

Artikkeltags