E-CO åtvarar: - No er det dårleg is i fjellet

VER OBS: E-CO Energi åtvarar mot dårleg is på fjellvatna i Aurland. (Foto: E-CO)

VER OBS: E-CO Energi åtvarar mot dårleg is på fjellvatna i Aurland. (Foto: E-CO)

Av
DEL

Skiftande vêr og fleire mildvêrsperiodar har ført til dårleg is i fjellet i Hallingdal og Aurland.- Folk bør vêra varsame ved opphald på og ved regulerte og uregulerte vatn, skriv E-CO i ei pressemelding.Det kom en del snø i perioden før isen hadde lagt seg slik at iskvaliteten er dårleg, og det er lite stålis. I tillegg har regn, sjølv høgt til fjells, tæra på den isen som er.- Det er lokale variasjonar, men me observerer generelt dårleg is på alle regulerte vatn. Dette gjeld også uregulerte vatn. Generelt bør folk vera særleg merksame på inn- og utløpsosar og råker langs land. E-CO Energi er i ferd med å skilta og setja opp sperregjerde der me er ansvarleg for den type sikring. Flere stadar er det førebels ikkje ikkje stukke løyper, skriv kraftselskapet.

Artikkeltags