Norsun stenger ned: – Har diverre ikkje anna val

STENGJER NED: Norsun i Årdal stengjer ned.

STENGJER NED: Norsun i Årdal stengjer ned. Foto:

Permitterer store delar av arbeidsstyrken.

DEL

Det opplyser selskapet sjølv i ei pressemelding.

– Bakgrunnen for at NorSun no ser seg nøydd til å gå til permitteringar, er at dei sentrale kundane no har fått pålegg om å stenga ned sine produksjonsanlegg som eit tiltak for å få kontroll over viruset, opplyser Svenn Ivar Fure, administrerande direktør, i ei pressemelding.

Ikkje forsvarleg

– I ein periode framover vil difor etterspurnaden etter våre waferar vera så redusert at det ikkje er forsvarleg å oppretthalda produksjonen, heiter det.

Norsun er midt i ein prosess med å utvida produksjonskapasiteten i Årdal. Dette arbeidet held fram i perioden.

Takkar dei tilsette

– Eg vil takka våre tilsette for sat dei har stått på ein vanskeleg situasjon og samstundes synt forståing for dei tiltaka me no må setja i verk, seier Fure.

– Me opplever stor interesse for våre produkt, både fra eksisterande og nye kunder og me ventar at etterspurnaden vil ta seg opp att så fort situasjonen rundt koronaviruset normaliserer seg.

Det er likevel stor uvisse rundt når dette kan skje, og me har difor diverre ikkje anna val enn å stenga produksjonen for ein periode.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken