Norsun må ikkje permittera alle likevel: – Unngår midlertidig nedstenging av produksjonen

FÆRRE: Det blir framleis permitteringar hjå NorSun i Årdal, men no er talet nede i 102 av 230 tilsette.

FÆRRE: Det blir framleis permitteringar hjå NorSun i Årdal, men no er talet nede i 102 av 230 tilsette. Foto:

Situasjonen har lysna litt for solcelleprodusenten i Årdal.

DEL

I utgangspunktet permitterer me alle våre tilsette, totalt 230 personar, sa fabrikksjef Steinar Talle onsdag denne veka.

No kjem kontrameldinga.

I ei pressemelding opplyser selskapet at dei på kort tid har sikra seg nye kundar og vil halda oppe delvis drift av produksjonen i Årdal.

– Selskapet vil maksimera bruken av eigne tilsette i prosjektet med å utvida produksjonskapasiteten. Dette betyr at tal tilsette som no blir heilt eller delvis permittert for fire veker er avgrensa til 102 av selskapets 230 tilsette, står det i pressemeldinga.

Måtte stengja

Bakgrunnen for at Norsun varsla permitteringar var at sentrale kundar fekk pålegg om å stengja ned sine produksjonsanlegg som eit tiltak for å få kontroll over spredninga av koronaviruset, og i ein periode difor ikkje kan ta imot nye leveransar.

I pressemeldinga står det at Norsun dei siste dagane har gjennomført ein grundig prosess intern i selskapet med full involvering frå dei tillitsvalde for å etablera planar for å handtera dei nye utfordringane.

– Unngår midlertidig nedstenging

– Me har no fått fullt utbyte av å ha eit marknadsapparat som er tett på eksisterande og moglege kundar, noko som har sikra oss ordrar frå nye kundar. Det gjer at me unngår ein midlertidig nedstenging av produksjonen, seier administrerande direktør i Norsun, Svenn Ivar Fure, og legg til:

– Det har vore arbeida på høggir i organisasjonen for å finna gode løysingar, og eg vil takka alle involverte både internt og eksternt for moralsk større og konstruktiv bistand i denne utfordrande situasjonen.

Artikkeltags