UTVIDER: NorSun meir enn doblar produksjonskapasiteten i Årdal. (Foto: Hanne Stedje)

NorSun investerer 515 millionar og doblar kapasiteten

NorSun har sikra 515 millionar kroner for å auka produksjonskapasiteten i Årdal.

Publisert 11.06.2019 kl. 09.33. Oppdatert kl. 09.54.

Selskapet har gjennomført ein emisjon på 230 millionar kroner for å dobla produksjonskapasiteten, innføra ny teknologi og redusera einingskostnadene monaleg. Selskapet har tysdag morgon gjennomført ei ekstrardinær generalforsamling der denne emisjonen vart godkjend.


Nysnø Klimainvesteringer og ABN AMROs Energy Transition Fund investerer totalt 160 millionar, medan resten kjem frå eksisterande aksjonærar.


Emisjonen blir følgd av ytterlegare 285 millionar kroner i lån og tilskot frå Enova og Innovasjon Norge, noko som sikrar selskapet 515 millionar kroner totalt.


God nøgde

NorSun har produsert n-type monokrystallinske wafere til høg-effektive solceller i meir enn ti år ved produksjonsanlegget i Årdal som har en kapasitet på 450 MW per år.  No er monokrystallinske wafere i ferd med å bli den nye standarden i solenergiindustrien. For å opprettholda og auka markedsdelen vil NorSun meir enn dobla produksjonen til 1.000 MW per år.