Den noverande hevinga av styringsrenta vart kunngjord av sentralbanken torsdag formiddag. Avgjerda frå Noregs Banks komité for pengepolitikk og finansiell stabilitet var einstemmig.

– Slik vi no vurderer utsiktene og risikobiletet, vil styringsrenta mest sannsynleg bli sett vidare opp i juni, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache i ei pressemelding.

Dermed vart den første oppgåva for den nye, fungerande sentralbanksjefen å heve styringsrenta, som har lege på 0,5 prosent sidan rentemøtet til banken i desember i fjor. Då rentehevinga vart sett på vent i januar, signaliserte Noregs Bank at den mest sannsynleg skulle vidare opp eit hakk no i mars.

Prognose om større auke framover

Noregs Bank signaliserer òg at styringsrenta vil hevast til rundt 2,5 prosent ved utgangen av neste år. Det inneber sju rentehevingar.

Prognosen for styringsrenta ligg høgare enn i førre pengepolitiske rapport. Dette er over det som blir anslått som eit nøytralt nivå på styringsrenta, står det i den pengepolitiske rapporten frå sentralbanken.

Spår framleis oppgang

Aktiviteten i norsk økonomi har halde fram med å auke etter at smitteverntiltaka vart fjerna i vinter, og sysselsetjinga har auka. Kapasitetsutnyttinga i økonomien ser ut til å vere over eit normalt nivå. Trass uvissa som følgjer krigen i Ukraina ser det ut til at oppgangen i norsk økonomi held fram, trur sentralbanken.

Lønns- og prisveksten har vore høgare enn anslått, og lønnsforventningane har auka. Stigande lønnsvekst og høgare prisvekst på varene vi importerer er venta å løfte den underliggjande inflasjonen framover.

Økonomane hadde i forkant av møtet spådd at Noregs Bank ville heve renta. Samtidig venta dei at dei ville signalisere forsiktig oppgang framover som følgje av uvissa rundt krigen i Ukraina og korleis han påverkar norsk økonomi. Norske hushald er i tillegg hardt ramma av høge straum- og drivstoffprisar.