Styringsrenta ligg dermed no på 1,75 prosent. Det kom fram av Noregs Banks kunngjering torsdag formiddag. Noregs Bank varslar endå ein renteauke neste månad, slik rentekomiteen no vurderer utsiktene og risikobiletet.

Sentralbanken grunngir avgjerda med at prisveksten har vore betydeleg høgare enn anslått og er klart over målet på 2 prosent. Det er høg aktivitet og lite ledig kapasitet i norsk økonomi. Arbeidsløysa har falle litt meir enn venta og er på eit svært lågt nivå.

Økonomar flest meinte på førehand at den økonomiske situasjonen, den låge arbeidsløysa og forholda i verdsøkonomien tilsa at sentralbanken ville auke renta med nettopp 0,5 prosentpoeng.

– Det er behov for ei klart høgare rente for å dempe presset i norsk økonomi og føre inflasjonen ned mot målet, understrekar sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

Ein raskare renteoppgang no vil redusere risikoen for at inflasjonen festar seg på eit høgt nivå, og for at det blir behov for ei kraftigare innstramming i pengepolitikken lenger fram, skriv ho i pressemeldinga.

Det blir ikkje gjort nokon grundigare gjennomgang av den økonomiske situasjonen og utsiktene for den vidare rentesettinga sidan møtet onsdag var eit såkalla mellommøte.