Prisveksten har stige raskt dei siste månadene og har vore mykje høgare enn venta. Arbeidsmarknaden er stram, men det er no tydelege teikn til at økonomien kjøler seg ned. Mindre press i økonomien vil etter kvart bidra til at prisveksten minkar, skriv Noregs Bank.

– Prisveksten er klart over målet vårt på 2 prosent, og det er utsikter til at han held seg høg lenger enn tidlegare anslått. Vi set opp renta for å dempe prisveksten, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

– Mange får ein strammare økonomi når prisane aukar raskt samtidig som renta blir sett opp. Men ved å heve renta raskare no, reduserer vi risikoen for at prisveksten festar seg på eit høgt nivå. Dermed blir også behovet for å setje renta mykje opp seinare redusert, seier ho.

Auken på 0,5 prosentpoeng er i tråd med det økonomane spådde på førehand. Fredag er det eitt år sidan sentralbanken sett opp renta første gong frå det historiske nullnivået under koronapandemien.